Besøk frå Vestland Fylkesskomunne og internasjonale partnarar

Vår forrettningsutviklar Karoline tok i mot besøket frå Vestland Fylkeskommune og deira internasjonale partanarar. Tilstades var representantar frå utviklingsselskap lokalisert i distriktsområde frå Slovenia, Kroatia og Spania, samt eit forskningsinstitutt lokalisert i Lombardia/Italia.

Prosjektet starta i 2017 og er eit samarbeid mellom Vestland Fylkeskommune og utviklingsselskap lokalisert i ulike Europeiske land. Det omhandlar nettverksarbeid i distriktsområder, og har studert korleis innovative nettverk i distrikt kan styrkast. Med innovative nettverk meinar vi nettverk der industri, forskning/akademia og myndigheter er representert, og eventuelt også NGO’er.

No ønska prosjektgruppa å sjå på korleis pandemien har påvirka nettverksarbeid i distriktsområda. Vi fekk derfor presentere vårt arbeid med rekruttering og promotering av Sogndal og regionen Sogn. I dette arbeidet er FUS, Sogn.no og vårt samarbeid med Remote Norge ein sentral del av korleis vi arbeide med dette temaet.

Forrige
Forrige

Velkommen Birgitte!

Neste
Neste

Media Village Sogn engasjerte!