Jørgen Christian og Marie Elisabeth omstiller bedrifta
9. mai 2019 vart det feira at siste byggjesteg på Quality Hotel Sogndal var fullført. Alle piler peika oppover ein var rigga for vekst. Då korona stengte landet 12. mars 2020 måtte familien Lindstrøm bli enda betre på å drive og utvikle hotell.
-Budsjett og prognosar vert kontinuerleg oppdatert, seier Jørgen Christian Lindstrøm, eigar og direktør på det største hotellet mellom Bergen og Trondheim. -Den norske sommarferien var veldig god, utover det har det vore vanskelege tider.
Men tøffe tider gjev og mogelegheiter. Marknadssjef og dotter til Jørgen Christian, Marie Elisabeth Lindstrøm, har teke ansvar for eit stort omstillingsprosjekt ved hotellet:
-Innovasjon Norge har gode finansieringsløysingar for reiselivet som strever i koronaperioden. Tilskot frå dei er viktig for at vi kan ta naudsynte grep for å omstille oss på fleire område, fortel Marie Elisabeth. -I første omgang handlar det sjølvsagt om omfattande smitteverntiltak for å kunne drive hotellet under koronapandemien. Men framover er målet med utviklingsprosjektet nye produkt nye marknadar og å utvikling av organisasjonen vår til kvardagen etter Covid19.
Jørgen Christian er nøgd med krisepakkane frå regjeringa, men mest gler han seg til kundane er tilbake på hotellet: -Det går nok ei god stund før den oversjøiske marknaden er tilbake i Sogn, men eg har trua på nærmarknaden vår, dvs. dei nordiske og dei nordeuropeiske turistane. I tillegg er sjølvsagt forretningstrafikken viktig for oss, den er eg trygg på at kjem attende sjølv om mange i koronaperioden har blitt gode på digitale løysingar.
-Vi skal bli leiande i Sogn på digitale møte, seier Marie Elisabeth. Vi riggar no konferanseromma våre slik at det vert enkelt å kombinere fysiske og digitale møte. I tillegg er vi med på Sogn Næring og Visit Sognefjord si satsing på workation. Sogn har mykje å by på både sommar og vinter, og med flotte mogelegheiter for å nytte arbeidsfellesskap både i Hodlekve, hjå Rockethouse og på Campus, har eg god tru på dette produktet.
Før jul fekk Quality Hotel Sogndal og tilskot gjennom det kommunale Covid19-fondet til ein digitalisering av take-away-tilbodet ved restaurantane La Pergola og Vågal. -Take-away-salet vårt aukar frå månad til månad, det er vi svært godt nøgde med, seier Marie Elisabeth Lindstrøm.
FHI melder no at i slutten av mai vil den norske befolkninga over 45 år vere vaksinert. Vi håper på lysare tider for reiselivet slik at Jørgen Christian og Marie Elisabeth og deira mange kollegaer i Sogn får utfalde seg. Verdas flottaste reisemål er snart attende, enda betre enn før Covid19.
-------------------------------------------------------
Mange verksemder i Sogn har fått omstillingsmidlar frå Innovasjon Norge. Eit oversyn over sesse finn du her. Sogn Næring har ei pådrivarrolle for å motivere bedriftene til å nytte den vanskelege perioden til utviklingsarbeid. Vi bidreg og gjerne til å utvikle prosjekt og søknadar til ulike støtteordningar. Ta gjerne kontakt med oss i dag.