Work + Vacation + Sogn = Workation i Sogn
Denne veka lanserte Visit Sognefjord og Sogn Næring prosjektet Workation i Sogn.
Saman med ulike reiselivsverksemder, Rockethouse og utvikling- og kontorfellesskapet FUS Sogn har ein gjennom vinteren jobba fram eitt prosjekt på korleis ein skal trekka til seg turistar, gründerar og tilflyttarar til Sogn. Gjennom å tilby ei blanding av gode overnattingsstadar, aktivitetar ved fjord og fjell og inspirerande arbeidsmiljø, så har Sogn mykje å by på for dei som ynskjer Workation.
Prosjektet er no i fyrste fase og nettsida vert kontinuerleg oppdatert på nye produktpakker frå Sogndal, Vik, Luster og Aurland og kanskje frå andre kommunar. Workation Sogn skal marknadsførast digitalt gjennom sosiale media og nettverk der ein og ser potensialet både i Noreg og internasjonalt.
Sogn Næring planlegg saman med kommunane arbeidsfellesskap i Vik, Leikanger, Balestrand og Kaupanger, dette vil bli viktige element i workationsatsing på desse plassane.
Målet med workationsatsinga er å formidla at Sogn har moglegheiter, ikkje berre som gjest men og for å etablera seg som innbyggjar i Sogn.
Porten.no hadde denne veka ein flott artikkel om satsinga.
Vil bedrifta di vere med på satsinga? Ta gjerne kontakt med prosjektleiar May Lene Steinheim Lunden på may-lene@sognnaring.no.