NCOM Sogn er miljøfyrtårnsertifisert

NCOM har sidan 2017 levert tenester som regelmessig og periodisk reinhald til næringsliv og private i Indre Sogn. Denne våren har dei jobba med å miljøfyrtårnsertifisere verksemda. Det det synlege beviset på sertifiseringa fekk dei overrekt av ordførar i Sogndal kommune under forrige møte i kommunestyret

Vi har stilt dagleg leiar, Maryna Domalevska, nokre spørsmål:

Korleis var prosessen mot sertifisering?

Vi fekk god starthjelp og rettleiing av Heidi Fossnes Helle i Rørsla som følgde oss i prosessen.

Det første vi gjorde var å få oversyn over kva krav som gjeld næringa vår og korleis desse skal dokumenterast i Miljøfyrtårn-portalen. Den neste fasen var å innhente eller produsere dokumentasjon og leggje denne inn. Sertifiseringa omhandla ein god del HMS for vår næring og integrere Miljøfyrtårn i dette systemet.

Under prosessen har vi vorte mykje meir bevisst på innkjøp og handsaming av avfall, og ser viktigheita av å velje miljømerkte produkt, og slik redusere den samla belastninga.

Har de fått effekt i forma av meir arbeid?

Vi har fått nye oppdrag innan regelmessig reinhald der vi leverer fullservice på sanitærfasilitetar. Elles har vi sett ein liten auke innan periodisk reinhald av næringsbygg i Sogndal og nabokommunar. For eit av desse måtte vi også ta kurs i bruk av bomlift for å løyse oppdraget. Vi håpar det vert meir når koronapandemien er over og næringslivet byrjar normalisere seg att.

Har de råd til bedrifter som vurderer å gå i gang med ein slik prosess?

Det er berre å setje i gang. Set eit realistisk mål at verksemda skal vera sertifisert innan utgangen av eit kvartal. Miljøfyrtårn-portalen er svært enkel å bruke, der ein legg til vedlegg som dokumenterer bransjekriteria. Det er viktig å tidleg utnemne ein Miljøfyrtårn-ansvarleg som får ansvaret med å koordinere sertifiseringsarbeidet og innhente og revidere nødvendig dokumentasjon til portalen og sertifisør.

Ei sertifisering gjev fleire fordelar. Det er slik at dei fleste offentlege anbod stiller krav om miljøsertifisering for at tilbod ikkje skal verta avvist. For underleverandørar er ei sertifisering også ein fordel sidan miljøsertifiserte innkjøparar vil føretrekkje innkjøp av varerer og tenester frå miljøsertifiserte leverandørar.

Alle næringar er ulike, men vi kan alle gjera små og store forskjellar i kriterium som innkjøp, transport og handsaming av avfall. Dess fleire som involverer seg, dess større vinst for miljøet.

Vi gratulerer NCOM og oppfordrer alle verksemder i Sogn om å tenke miljø og berekraft inn i drifta si. Ta gjerne kontakt med oss i Sogn Næring om du vil ha nokon å diskutere dette med.

aktueltGuest User