Etablararprogram for innvandrarar i haust

På oppdrag frå Sogn Regionråd utviklar Sogn Næring eit etablerarprogram for innvandrarar. Programmet vert tilbod til 10 gründerar i Sogn hausten 2021.

Sogn regionråd jobbar i prosjektet Sogn for alle for « å skape vekst og utvikling gjennom bulyst og auka sysselsetting for innvandrarbefolkninga i regionen. I delprosjekt «arbeid» er målet at fleire innvandrarar kjem inn i arbeidslivet, og for å nå dette er eit av tiltaka å tilby etableraropplæring.

-Etablerarprogrammet skal motivere og inspirere til gründerskap mellom innvandrarar, seier prosjektleiar Knut Erlend Rosvoll i Sogn Næring. -Vi ønskjer å dyrke kultur for entreprenørskap i Sogn. Dette programmet rettar seg inn mot dei som ikkje har budd i Norge og i Sogn heile livet.

-Det vert og ein viktig test for samhandlinga mellom ulike aktørar i lokalmiljøa; næringsliv, NAV, frivillig sektor og kommunane, for å skape eit økosystem for utvikling av ny næringsverksemd.

Målgruppa er innvandrarar til Sogn med anna språk og kulturbakgrunn som har ein ide om å starte eigen bedrift og skape sin eigen arbeidsplass. Deltakarane bør ha ein gjennomtenkt ide og norskkunnskapar tilsvarande A2 nivå, det vil sei at dei kan delta i enkle samtalar og kan forstå og skrive enkle tekstar.

Det kjem meir informasjon om programmet i august.

aktueltGuest User