Vik: Kurs i norsk for framandspråklege
I samarbeid med Vik Kommune kan Folkeuniversitetet no tilby nettbasert kurs i norskopplæring for framandspråklege tilsette i verksemder i Vik vinteren 2021.
Det blir i første omgang tilbod om nybegynnerkurs på A1 nivå. Kurset er på totalt 96 timar og er fordelt på to kurs a’ 48 timar, norsk A1 del 1 og norsk A1 del 2.
Kvar modul kostar kr. 5200,-. I tillegg til undervisningsavgifta kjem det kostnadar knytt til lærebøker på kr. 950,-. Påmelding kan du gjere via Folkeuniversitetet sine nettsider.
Vik Kommune ønskjer å setje fokus på å få fleire til å lære norsk. Dei dekker difor halvparten av undervisningsavgifta for inntil 15 deltakarar = kr. 2600,- pr modul. Totalt er det kr. 5200,- å spare, om ein tek både norsk A1 del 1 og del 2.
Det blir lagt opp til kveldsundervisning ca 3 timar to gonger pr veke.