VIK: Midlar til å utvikle bedrifta di

Vik kommune opnar no for søknader på restmidlane av det Covid-19 relaterte næringsfondet, og oppmodar samstundes alle som har gode prosjekt til å søkje midlar frå det ordinære næringsfondet.

Alle søknader som kjem inn seinast 31.12.2020 vert handsama tidleg i 2021.

Under finn du informasjon om og lenkjer til begge fonda. I samband med handsaminga vil Vik kommune vurdere søknadar opp mot begge ordningane til beste for søkjarane.

Covid 19-fondet

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har i samanheng med koronatiltaka i krisepakke - fase 3 for 2020 oppretta ein ny tilskotspost på kap. 553, post 61 Mobliserande og kvalifiserande næringsutvikling, øyremerkt til kommunale næringsfond. Vik kommune er tildelt 828 261 kr. I fyrste tildelingsrunde vart det delt ut 567 500 kr, slik at det står att 260 761 kr til fordeling.

Det ekstraordinære næringsfondet skal bidra til å dempe effektane av koronakrisa i næringslivet, og stimulere til sysselsetjingsvekst i samsvar med gjeldande strategisk næringsplan.

Prosjekt med stor sysselsettingseffekt vert prioritert. Det er og eit overordna mål å bidra til meir regionalt samarbeid i næringslivet og næringsutviklingsarbeidet.

Prosjekt som er knytt til prioriterte område i strategisk næringsplan vert prioriterte. Næringsnettverket i Sogn skal brukast til å sikre god samordning av regionale prosjekt.

Prosjekt knytt til reiseliv skal koordinerast med Visit Sognefjord. Eventuelle prosjekt med Visit Sognefjord som søkjar, skal koordinerast gjennom næringsnettverket.

Prosjekt med fleire enn ein søkjar, og prosjekt som har potensiale for å løyse ut fleire eksterne midlar vert prioriterte.

Du søkjer på det ekstraordinære næringsfondet i samband med Covid-19 her.

Kommunalt næringsfond

Det kommunale næringsfondet har eigne retningsliner vedtekne 4. april 2019 og desse er basert på innhaldet i strategisk næringsplan for Vik kommune.

Det kan mellom anna søkjast om tilskot til:

  • Rettleiing og kurs

  • Kompetanseheving

  • Etablering / oppstart

  • Vidareutvikling

  • Investeringar

  • Bygdeutviklingsarbeid

Du søkjer på det kommunale næringsfondet her.

Sogn Næring skal sakshandsame søknadane til dei to fonda. Ta gjerne kontakt om de har spørsmål:

Sogn Næring AS
post@sognnaring.no

Line Bjelde
Forretningsutviklar
Tlf. 906 18 483

Torgeir Skålid
Dagleg leiar
Tlf. 975 87 931

aktueltGuest User