No kan du søke om støtte til omstillingsprosjekt i reiselivet

Reiselivet er fortsatt sterkt råka av smittverntiltaka i samband med koronapandemien, der bortfall av kundar og inntekter har gitt ein ekstraordinær situasjon for næringa. Omstillingsordninga for reiselivet blir difor vidareført og utvida med ein ny søknadsrunde.  Ordninga skal gi bedriftene betre likviditet slik at dei kan tilpasse seg smitteverntiltak og endringar i reiselivsmarknaden. I denne runden kan også nyetablerte bedrifter og messe- og konferansearrangørar få støtte.

Startskotet går no for ny søknadsrunde, med frist allereie 20. desember 2020. Ta gjerne  kontakt med oss i Sogn Næring om du ynskjer bistand knytt til søknadsprosessen!

Meir informasjon om ordninga finn du på Innovasjon Norge sine heimesider.

 

 

 

aktueltGunn Cecilie Hundere