Kurs i prosjektleiarprosessen i Sogndal
12. og 13. februar blir det starta opp kurs i prosjektleiarprosessen på Quality Hotel Sogndal. Kurset er praktisk orientert og basert på PLP-metoden til Innovasjon Norge. Rådmannen i Bremanger, Tom Joensen er førelesar.
Kurset er retta mot dei som ynskjer praktisk og strategisk forståing av prosjektarbeid og prosjektleiing, og har ansvar for, leier eller deltek i prosjektarbeid, både i offentleg og privat sektor. Meir informasjon om kurset finn du på Folkeuniversitetet sine heimesider.