No utdannar vi kokkar og servitørar!
På initiativ frå Sogn Næring og Sogn Regionråd, samarbeider no Vestland Fylkeskommune og NAV om vaksenopplæringstilbod i restaurant og matfag frå hausten 2022.
Mat- og måltidsbransjen har i aukande grad rapportert mangel på kompetanse og arbeidskraft. Som eit tiltak for å auke rekruttering har NAV og Vestland fylkeskommune oppretta ei satsing på vaksenopplæring innan restaurant- og matfaget. Ved å tilby eit løp som garanterar praksis og lærekontrakt er målsetnaden å minske fråfall samt behalde faglærde i lokale bedrifter.
For å sikre at både verksemdene og lærlingane får nytt fordelane av eit slikt løp vil det bli tatt omsyn til utfordringar og behov verksemdene måtte ha. Eventuelle tilpassingar i praksisløpet vil vere mogleg.
Verksemder som ynsker å ta del i satsinga må:
• Forplikte seg til 4 år med samarbeid
• Tilby praksis to dagar i veka i tre år
• Tilby 100% lærekontrakt 4. skuleåret med lærlinglønn
• Vere ei godkjend lærebedrift.
Sjå Vestland Fylkeskommunes nettsider for meir informasjon om korleis ein blir ei godkjent lærebedrift. Korleis bli ei godkjend lærebedrift?
No vil vi gjerne kome i kontakt med bedrifter som kan tilby læreplass. Planlagt oppstart er august 2022. Ta kontakt med Karoline Mykelbust på tlf 45 27 10 85 eller e-post karoline@sognnaring.no med eventuelle spørsmål