Når katten er vekke
Førre veke fekk Sogn Næring ny konstituert dagleg leiar og Torgeir Skålid, som har styrt skuta dei siste åra, gjekk over i ny stilling i eit heilt nytt selskap som og skal arbeide med grøn næringsutvikling i Sogn.
Kva tenker ny leiar om utvida ansvar og nye arbeidsoppgåver, og ikkje minst kva tykkjer dei tilsette om endringa i selskapet?
Som ny leiar har eg i første omgang desse tankane om den utfordringa vi skal ta fått på. Vi skal halde fram med det vi har gjort så langt, jobbe for utvikling i Sogn. Men, med ein mindre spelar på laget betyr det at vi må jobbe smartare og meir effektivt og kanskje på heilt nye måtar. På sikt vil vi styrke laget med fleire tilsette, men vi er ein veldig god gjeng som er motivert for å jobbe for næringslivet i Sogn. Vi skal jobbe for grøn omstilling, holde fram med Kaupanger Sirkulære industripark, vi skal ta i mot alle gründere som ynskjer å sparre med oss og vi skal forhåpentlegvis i gang med eit nytt Næringshageprogram i 2023. Arbeidsledige blir vi ikkje, men heldigvis har vi mange gode samarbeidspartnarar; På campus, i lokalt næringsliv, i næringsorganisasjonane og i styret vårt, for å nemne nokre.
Når katten er vekke - lagar dei tilsette surprise for ny leiar!
På fredag hadde eg kalla inn til mi første strategisamling som ny leiar i selskapet. Få timar etter innkalling fekk eg innkalling av resten av gjengen, namnet på møte var Surpriiise og tidspunktet overlappa med strategisamlinga.
Vi starta dagen med flytande sauna på Knausen, bading i fjorden og fantastisk frukost på Sognefjord hotel - ein strålande kombinasjon som varmt kan anbefalast! Vi var også alle einige om at eit friskt bad i Sognefjorden gjorde godt for hovudet før vi gikk laus på korleis vi saman skal arbeide for å skape utvikling i Sogn.
Eg tek overraskinga som eit teikn på tillit og tryggleik, og ikkje minst eit ynskje om å hoppe i dei nye utfordringane saman! Som ny leiar gler eg meg til å forsette å bygge laget samen med den fantastiske gjengen eg har med meg.