EffektLab utfordrar Sogndal kommune til å tenkje nytt

Kva er sosialt entreprenørskap?

Ein sosial entreprenør er ein eller fleire personer som ønsker å bidra til å skape ein ny løysning på eit sosialt problem. Sosiale entreprenørar opererer med ei “dobbel bunnlinje”, som betyr at dei skapar både sosiale og økonomiske resultat.

— Ferd Sosiale Entreprenører

Sogndal kommune jobbar kvar dag for å løyse samfunnsutfordringar som kan gjere kommunen til ein enda bedre plass å bu og leve. Som ein del av det arbeide er kommunen no med på eit pilot-prosjekt for å lære meir om korleis ein kan samarbeide med sosiale entreprenører om å løyse utfordringa i kommunen. Saman med samfunnsutviklarane i Sogndal kommune er vi i Sogn Næring kobla på for å sjå på korleis vi kan bidra til gode samarbeid mellom sosiale entreprenørar og kommunen.

Istedenfor å kjøpe tjenester,
vil offentlig anskaffelser handle om å kjøpe positiv endring
— Impact Startup

Pilotprosjektet EffektLab har som mål å skape ein arena der offentlige verksemder og sosiale entreprenørar saman kan utforske og lære meir om kva som skal til for å lykkes med samarbeid i praksis. Impact StartUp, som er Ferd Sosiale Entreprenørers program, er leiar for samlingane der deltakarane får veiledning i dei ulike delene av prosessen med å samarbeide med ein sosial entreprenør.


Har du ein idé som kan vere med å gjere Sogn til ein bedre plass å bu og leve, og treng nokon å sparre med? Da må du gjerne ta kontakt med Birgitte hos oss.

aktueltBirgitte Karlstrøm