Når nokon gjer seg, slepp andre til

Å skape meir liv i Fjøra er eit heitt tema om dagen, og fleire etterspør og ynskjer seg eit meir levande sentrum i Sogndal. Som næringsutviklar er det spennande å sjå at fleire tek sats når andre vel å gi seg, og det finst mykje erfaring å hente for nykommerane hos dei meir erfarne drivarane.

Tove Ness, eigar av butikken Mango Design, er ein av dei som har vore i Fjøra over fleire tiår og som no vil selge butikkonseptet vidare . Når ho no til sommaren vel å gje seg, håpar ho nokon har lyst å ta over butikken som ho sjølv har drive sidan 1993. For nye som vil satse i Fjøra, er det mykje kunnskap og erfaring å hente frå Tove. Butikken har vore etablert i Sogndalsfjøra i alle åra den har vore drive, med ho som eigar og drivar. Den er no tilrettelagt for nye drivarar, som vil ha moglegheit til å ta over ein veletablert butikk med ein solid kundemasse. Dei som vil vite meir om konseptet, eller få litt tips for å starte for seg sjølv i Sogndalsfjøra, kan kontakte Tove direkte på mail her.

Litt lengre nord i Fjøra skjer det også spanande utvikling, når Sy- og strikkebui utvidar butikken med eit nytt konsept. Fredag 3.mars opna dei blomsterbutikken, og blomsterdektoratør Marita Stalheim hadde ein hektisk dag bak disken. Med nyopninga har Sogndalsfjøra fått tilbake eit tilbud som fleire sakna etter at Nybø Blomster ga seg i fjor.

Under Fjellpitch 2023 fekk vi òg ein smugkikk på enda eit nytt konsept som snart er på plass i Fjøra, nemleg Omatte. Omatte er eit nytt ombrukstilbod, der ein sjølv kan levere inn plagg ein ønskjer å selje og få det solgt gjennom butikken Omatte. Under Sirkulærdagane presenterer dei konseptet med ein pop-up på Dampskipskaien, som ga ein forsmak på kva som åpnar i juni i Fjøra.

Vi heiar på alle som tør å hoppe i det, og gler oss til følgje fleire som vil vere med å lage eit meir levande sentrum i Fjøra!


Har du tankar om å starte for deg sjølv tek vi gjerne ein prat for å hjelpe deg i gang!

Bilde av avisutklipp

Mango Design i Sogn Avis

Frå åpningsdagen av blomsterbutikken

Omatte under Sirkulærdagane

Birgitte Karlstrøm