Bli kjent med to nye ansikt i Sogn Næring

– Utviklingsarbeid er viktig. No har vi rusta opp kapasiteten vår til å ta alle oppdraga vi får frå oppdragsgivarande våre og dei nye prosjekta vi har fått midlar til å jobbe med, seier daglig leiar i Sogn Næring, Line Bjelde.

Frå 1. mars er Henrik Skyttermoen og Sigrid Skjerdal å sjå både på Innovasjonsbygget på Campus og ute for å møta næringsaktørane i regionen. Med mange prosjekt på trappene og mykje å henga fingrane i, har det vore behov for å få fleire å spele på i organisasjonen.

– Me har ein engasjert og positiv gjeng som brenn for utvikling i Sogn hos oss, som eg gler meg til å bli betre kjent med og jobba saman med framover.

Frå Lillehammer til Sogn

Henrik Skyttermoen er fødd og oppvaksen i Lillehammer. Etter fem år i Sogndal er han blitt fullskala sogning, kun dialekta manglar. Naturen, skikøyringa, klatringa og folka han har møtt i bygda er nøkkelen til at han ønskjer å bli. Henrik har bakgrunn frå reiselivet, både innan jobb og studium, og er no på sitt siste år som masterstudent på HVL.

– Eg skriv masteroppgåve om berekraftig destinasjonsuvikling, og er spesielt engasjert i reiseliv, innovasjon og næringsutvikling. Eg synest samfunnsutvikling er utrulig spennande, og at eg kan vere med å forma korleis Sogndal skal bli og hjelpe andre med gode idèar synes eg er kjempekult.

– Eg las at det er kake på innovasjonsbygget kvar tirsdag, så det er nok hovedårsaka til at eg vil jobbe her, seier Henrik.

I Sogn Næring skal Henrik jobba 40 prosent ved sidan av studia på HVL, og er allereie godt i i gang med å bli teamet sin (ufrivillige) IT-hjelpar.

– Eg skal jobbe med vidareutvikling av FUS-lokasjonane våre. Om du har spørsmål om FUS eller ønskjer ein plass i ein av våre bygg, er det berre å ta kontakt!

Ein mann i svart genser og ei kvinne i rustraud genser sit på sofa i eit kontorlokale og smiler.

Henrik Skyttermoen og Sigrid Skjerdal er nye i Sogn Næring.

Ein aurlending i Sogndal

Aurlendingen Sigrid Skjerdal har dei siste åra jobba som leiar for musikkfestivalen Vinjerock, og som journalist i NRK og Sogn Avis. I Sogn Næring skal ho jobba med bedriftsutvikling, prosjekt og arrangement på fulltid.

– Når eg kom tilbake til Sogndal i haust etter nokre år vekke, var det fordi det er ein region der det boblar under overflata. Både i Sogndal og området rundt er det utrulig mange spanande initiativ som rører seg, og det er utrulig kjekt å kunne vera med å utvikla det vidare. Eg likar å vera med å få ting til å skje.

Med sommarjobbar i turistbransjen og gjennom oppveksten på gard, har Sigrid fått med seg eit engasjement for eit berekraftig reiseliv og stoltheit over lokalprodusert mat.

– Det er utrulig spennande å sjå alle prosjekta Sogn Næring er involvert i når det kjem til å driva fram nokre av dei kvalitetane eg sjølv set pris på i regionen. Eg gler meg til å vera med på den jobben. Men først skal eg prøve å få oversikt over alt vi jobbar med, for det er eit solid tempo i denne gjengen.

Stor breidde i staben

Sogn Næring går inn i året med oppdrag frå mellom andre Sogndal kommune, Vik kommune, Sognefjord næringshage, eigargruppa Campus og Sogn Regionråd. I tillegg har vi eigne prosjektmidlar, mellom anna til satsingar på grøn omstilling og kommunikasjon med verkemiddelapparatet.

– Vi skal vera ein pådrivar for at lokaltnæringsliv held fram å vera konkurransedyktige og utnyttar moglegheitene som kjem med det grøne skiftet. I tillegg skal vi sjølvsagt gjera det vi har som grunnmur frå før. Driva bedriftsutvikling, hjelpe oppstartsbedrifter i gang, lage nettverk og drive med kompetanseheving i næringslivet, seier Line Bjelde.

Med fleire oppgåver og mykje på trappene kjem det godt med å ha fleire hender på ballen.

– No har vi ein gjeng med oss som sit på utrulig brei kompetanse. Vi har økonomar, markedsførarar, og kompetanse på merkevarebygging, entreprenørskap, strategi og organisasjonsbygging. I tillegg til kunskapen i gjengen her, har vi gode partnarar rundt oss vi kan spele på.

Nysgjerrig på det som rører seg? Her kan du oppdatere deg på kva vi driv med.



Forrige
Forrige

Kreative og engasjerte HVL- studentar: Kunstkollektivet

Neste
Neste

Når nokon gjer seg, slepp andre til