Ny moglegheit i Sparebanken Vest sitt næringsfond! Søknadsfrist 27.mai!

Sparebanken Vest sitt næringsfond region Sogn og Fjordane sitt kjerneområde er å gi starthjelp til gode forretningsidèar som kan skape nye arbeidsplassar i regionen vår, samtidig som dei bidreg aktivt til grøn omstilling og berekraftig utvikling.

Agenda Vestland har fyllt på SpV`s næringsfond med 1,5 millionar kroner! Og med denne glade nyheita er styret for fondet klar til å ta imot nye søknader om støtte til gode forretningsidèar.

I 2022 blir det også lagt opp til 4 møte, med kvar sin søknadsfrist, og tida er komen til årets andre møte, som er onsdag 15 juni. Søknadsfrist til dette møte er fredag 27 mai.

Link søknadsskjema her