Frukostmøte på Blix Hotel i Vik
Torsdag 5 mai arrangerte Vik Næringssamskipnad frukostmøte på Blix hotel i Vik. Temaet var Revisjon av kommuneplanen sin arealdel, og her fekk dei frammøtte moglegheit til å komme med innspel til planane.
Vik kommune er i gang med å revidere arealdelen til kommuneplanen. Fokusområde for revisjonen er nye områder for bustad og næringsformål, med hovudvekt på hovudsoknet. På frukostmøtet fortalte plansjefen om arbeidet med revisjonen av arealdelen - målet er at ein ny arealdel skal gi ei god utvikling i kommuna dei neste 12 åra. Vik kommune var derfor interessert i å høyra kva ynskjer og behov næringslivet i kommunen har og tok imot innspel på møtet.
I tillegg til dette kom ordføraren innom for å dele ut miljøfyrtårn til ftre lokale bedrifter; Blix, Accountor og Wattn.