Hald deg oppdatert på nytt for næringslivet i Sogn

Vi byter platform for utsending av nyheitsbrevet vårt! Det betyr at du som abonnerer allerede må melde deg på lista ein gong til. Det er også eit ypparleg tidspunkt for deg som ikkje abonnerer til å teste det ut.

Nyheitsbrevet sender vi ut annakvar veke. Der får du ei kort oppsummering av det som rører seg, og kanskje inspirasjon til korleis du vil utvikle verksemda di vidare.

Kva får du i nyheitsbrevet til Sogn Næring?

  • Det siste om det som rører seg innan næringsliv i Sogn

  • Nye finansieringsordningar og søkandsfristar for di bedrift eller oppstartsselskap

  • Info om arrangement, nettverk og kurs der du kan treffe andre i din bransje

  • Inspirasjon til korleis du kan bli betre på marknadsføring, rekruttering og merkevarebygging

Fyll ut skjemaet nederst på sida for å få nyheitsbrevet vårt. Send gjerne innspel på kva du vil høyre meir om til bard@sognnaring.no!

Kvifor må du melde deg på nyheitsbrevet sjølv om du abonnerer allereie? På grunn av GDPR, eller loven om lagring av personopplysningar. For å få lagre e-postadressa di i eit nytt system, må vi vere sikre på at du har gitt oss lov. Det gjeld alle bedrifter som lagrar informasjon om kundane sine. Har du kontroll på GDPR i di bedrift? Om du lurar på noko, ta kontakt på post@sognnaring.no, og kanskje vi kan hjelpe deg.