Torgeir skal halde fram å utvikle Sogn, men no som konserndirektør for Samfunn og innovasjon

 
Foto: Torgeir Skålid. Bilete er delt av Sognekraft

Sidan 1. november i fjor har vi lånt ut Torgeir til Sognekraft og det nye selskapet Sogn Utvikling. Avtalen var på eit år, med opsjon på eit år til. Slik vi kjenner Torgeir visste vi at dette var eit oppdrag han kom til å lukkast med og at det difor var ein god sjanse for at vi ikkje kom til å få han tilbake i vår organisasjon. Og førre veke kom beskjeden. Torgeir har fått tilbod om den nyoppretta stillinga som konserndirektør for Samfunn og innnovasjon, dermed kom oppseiinga til Sogn Næring og stillinga som dagleg leiar i selskapet.

Torgeir seier dette om å forlate Sogn Næring.

Eg er takksam for å ha fått samarbeide med eit mange trivelege kollegaer og oppdragsgjevarar, med mykje entusiasme. Aldri har eg opplevd to like dagar og eg kjem til å sakne det breie faglege og sosiale fellesskapet på Innovasjonsbygget på Campus.
Line har vore konstituert dagleg leiar i 6 månader og frå min ståstad ser det ut som ho både vidarefører det vi har starta på ein framifrå måte, samstundes som ho tek tak i nye område som er viktige fort Sogn. Eg er veldig trygg på at Line fører utviklingsskuta vidare.
Framover trur eg på eit styrka samarbeid mellom Sogn Næring og Sognekraft. Vi har mange felles interesser knytt til utvikling i Sogn, og har dei beste føresetnadane for å lukkast.

Sjølv om vi heile tida hadde eit håp om å få Torgeir tibake i vår organisasjon er vi svært glade på hans vegne og vi ynsker han masse lukke til i ny stilling. Er det nokon som kan lukkast med eit slikt oppdrag så er det Torgeir. Og som Torgeir seier, skal vi halde fram det gode samarbeidet vi har med både Sognekraft og Sogn Utvikling.

Sognekraft verkar og glade for å ha fått Torgeir med på laget, konsernsjef Terje Bakke Nævdal seier han gler seg over å ha fått på plass ei viktig brikke i den nye satsinga, du kan lese meir om Sognekraft sine tankar om nytilsettinga på deira nettside.

Vår første mentor

Som konstituert dagleg leiar var Line kjapt ute å sikra seg at Torgeir blir med som vår første mentor i prosjektet med å få etablert eit lokalt mentorprogram.

Som mentor vil vi ha tilgang til Torgeir og hans nettverk i Sognekraft på ein god måte, som eg og trur vil danne eit godt utgangspunkt for nettverket av mentorar som vi ynskjer å etablere.

Om du er interessert å få ein lokal mentor eller vere det, ta gjerne kontakt med oss.

Line held fram som konstituert leiar

I dialog med styret i Sogn Næring er det bestemt at Line held fram som konstituert dagleg leiar fram til 31.10. Stillinga som dagleg leiar i seskapet kjem til å bli lyst ut i løpet av hausten.