Offisiell opning FUS Kaupanger

Sogndal kommune, Sogn Næring og Vitemeir inviterer til offisiell opning av FUS Kaupanger torsdag 18. november klokka 14:00.

På Campus i Sogndal har Sogn Næring drive FUS på oppdrag for Sogndal kommune sidan 2017. Her er oppstartsverksemder, etablerte verksemder, prosjektsamarbeid, offentlege verksemder og akademia etablert i eit arbeidsfellesskap tett på eit samla verkemiddelapparat for næringsutvikling.

Sidan etableringa av Sogndal kommune både kommune og Sogn Næring jobba etter mandat frå fellesnemnda:

Det skal etablerast ein samanhengande struktur for utviklingsmiljø i heile den nye kommunen, med utgangspunkt i FUS på Campus, Skaparstova i Balestrand, Vitensenteret på Kaupanger og Leikanger Næringshage

I september opna FUS Leikanger og no er det klart for å opne på Kaupanger. Her har Sogndal kommune og Sogn Næring eit tett samarbeid med Vitemeir, og vi gler oss til å tilby arbeidsfellesskap til gründerar, etablerte bedrifter, offentlege verksemder, og arbeidstakarar som som best kan løyse arbeidsoppgåvene sine frå Kaupanger. 

18. november er det klart for snorklypping og DU er invitert. Du møter representantar frå næringsliv, offentlege verksemder, byggeigar, kommune og næringsapparat.

Du får høyre historia om bakgrunnen for Vitemeir og om ambisjonane med arbeidsfellesskap i Sogn framover før ordførar Arnstein Menes står for den offisielle opninga.

Og sjølvsagt vert det kaffi og frukt. Velkommen!

aktueltGuest User