Remote Sogndal er live!
Sidan mai har vi jobba mot datoen 14. oktober - lanseringsdato for Remote Sogndal. I går kunne vi endelig trykke på publiser og lanseringsfesten vart som ein to-trinns rakett.
Det heile starta på Fus, på Campus Sogndal. Her var vi samla for bevitne at ordførar fekk det ærefulle oppdraget med å trykke på publiser.
Deretter gjekk turen til Nes Gard for vidare feiring. Val av Nes gard som lokasjon for feiringa var heller ikkje tilfeldig, sidan mandag har folk frå heile landet jobba remote på Nes Gard. Det vart ei feiring verdig for ambisjonsnivået vi har for Remote Sogndal og det vidare arbeidet med å etablere remote Sogn.
Remote @Sogn
I tida framover skal vi jobbe for å bygge opp fleire lokasjonar under remote paraplyen. Vår ambisjon er at dei som er nysgjerrige på Sogndal og Sogn skal kunne shoppe mellom fleire remote-lokasjonar, og velje den lokasjonen som passa best for dei interessa og behova kvar enkelt har. Remote Sogndal har allereie med seg Leikanger og det vert jobba konkret med lokasjonar i Balestrand, Vik, Lærdal og Luster.
No skal vi, saman med remote norge, arbeide for at flest mogleg får augene opp for Sogn og tek med seg jobben hit.