Opning av HVL Skape kontoret
Høgskulen på Vestlandet har dei siste åra auka satsinga på innovasjon og entreprenørskap. Dette kan ein sjå mellom anna ved studenttilbodet HVL Skape. Ein av HVL Skape sine viktige oppgåver, er å rettleie studentar som har ein idé dei ynskjer å vidareutvikle.
I veke 3 fekk endeleg HVL Skape eit kontor. For å markere opninga inviterte vi studentar og tilsette på kaffi og kake. Det vart sette fokus på målet om samskaping og samarbeid ved å invitere dei besøkande til å male påeit tomt lerret. Fyrste kunstnar ute var ordførar Arnstein Menes. Maleriet skal henge på veggen til ein kvar tid, og alle som er innom blir oppfordra til å sette sitt preg på bilete.
Ved å ha eit fysisk kontor håpar HVL Skape-gjengen ved Jim Skarstein, Lars Røyrhus og vår rådgjevar Ida Ramsfjell at studentane vil ta turen innom for å prate, anten om ein idé dei ynskjer å få hjelp til, eller berre for å bli litt betre kjend.