Til stades: STUD-ENT-samling ved NTNU

NTNU invitere til ei samling i Trondheim for dei som jobbar med studentinnovasjon og entreprenørskap. Målet med samlinga var å informere om årets STUD-ENT utlysing gjennom Innovasjon Norge, få eit innblikk i korleis andre institusjonar jobbar og er organisert, samt å gjennomføre ein workshop kring problemstillingar knytt til temaet.

På Innovasjon Norge sin nettside står det følgjande om tilskotet:
STUD-ENT retter seg mot studenter som skal etablere egen bedrift basert på kunnskap tilegnet gjennom studiene. Formålet med ordningen er å utvikle en skalerbar og bærekraftig forretningsmodell rundt en forretningsidé, og at bedriften har som mål å utvikle nye løsninger som markedet etterspør “ (Innovasjon Norge, desember 2022).

Les meir om tilskotsordninga her.

Vår rådgjevar Ida Ramsfjell var til stades for å representere Høgskulen på Vestlandet med studenttilbodet HVL Skape. Ho kan melde om ei sers interessant samling med mykje gode innspel og refleksjon kring korleis andre institusjonar arbeider med same mål: “å skape innovative studentar med entreprenørielle ferdigheiter og å hjelpe dei som ynskjer å starte opp eiga verksemd.”

Ida tek med refleksjonane frå samlinga heim til Sogndal, og ynskjer å sjå på korleis ein kan ta med seg desse inn i eige arbeid.

Ida Brastad Ramsfjell