Oversikt over nasjonale tiltak knytt til koronakrisa
Oppdatert 29. april 2020.
Regjeringa og Stortinget kjem fortløpande med tiltak knytt til koronakrisa. Under har vi summert opp tiltak av relevans for næringslivet i Sogndal.
Utsett innbetaling av avgifter og skattar
Utsett innbetaling av meirverdiavgift med forfall 15. april 2020.
Utsett innbetaling av den andre terminen for forskotsskatt for selskap med forfall 15. april 2020.
Arbeidsgivaravgifta blir redusert dei to neste månadane med 4 prosent.
Reduksjon av låg momssats til 8 prosent. Dette er ei midlertidig ordning inntil vidare.
Meir informasjon finn du på Skatteetaten si temaside om koronaviruset: www.skatteetaten.no/tiltakspakker.
Permittering
Full lønn (inntil 6G) i minimum 20 dagar frå permittering, staten dekkar frå dag 3 til 20.
Innføring av ordning som sikrar personar ei inntekt på minimum 80 prosent av dagpengegrunnlaget opp til 3G og 62,4 % av dagpengegrunnlaget over 3G og opp til 6G etter dag 20 i permitteringstida.
Inntektsgrensa for å ha rett på dagpengar blir redusert til 0,75 G.
Meir informasjon finn du på NAV sin koronavegvisar: www.nav.no/person/koronaveiviser.
Det er også opna opp for at ein kan kombinere utdanning med dagpengar: www.regjeringen.no/aktuelt
Sjukepengar
Reduksjon av arbeidsgjevarperioden for betaling av sjukepengar knytt til korona-pandemien blir redusert til 3 dagar. Meir informasjon finn du på NAV sin koronavegvisar: https://www.nav.no/person/koronaveiviser.
Omsorgspengar
Ordninga med omsorgspengar blir dobla.
Arbeidsgjevarperioden for betaling av omsorgspengar blir redusert til 3 dagar.
Meir informasjon finn du på NAV sin koronavegvisar: www.nav.no/person/koronaveiviser.
Sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar
Sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar vil få sjukepengar frå dag 4 av fråveret med same dekningsgrad som etter gjeldande reglar.
Det blir innført ei ordning for sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar som inneberer utbetaling av omsorgspengar frå og med dag 4, etter same regler som arbeidstakarar og med same dekningsgrad som for sjukepengar for sjølvstendig næringsdrivande.
Det blir innført ei midlertidig ordning for sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar som no mister heile eller delar av inntektsgrunnlaget sitt som ei følgje av korona-pandemien. Desse vil få ein kompensasjon der dekningsgraden er om lag 80 % av gjennomsnitt av siste tre års inntekt avgrensa opp til 6G. Kompensasjonen blir dekka frå og med 17. dag etter at inntektsbortfallet inntraff.
Meir informasjon finn du på NAV sin koronavegvisar: www.nav.no/person/koronaveiviser.
Lærlingar
Innføring av ei ordning som sikrar lærlingar som mister lærlingplassen i samband med virusutbrotet ei inntektssikring på nivå med lærlinglønna. Sjå meir informasjon om den nye ordninga her: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/ny-kompensasjonsordning-for-larlinger/id2696592/.
Føretak med minst 30 prosent fall i omsetning kan søke om kompensasjon
Føretak med minst 30 prosent fall i omsetning (20 prosent i mars) som følgje av koronaepidimien, kan søke om støtte til uunngåelege faste kostnadar. Som uunngåelege faste kostnadar reknast leige av lokale, lys og varme, vatn og avløp, forsikring, leige av utstyr og transportmidlar, samt netto rentekostnadar.
Sjå søknadsskjema og meir informasjon om ordninga her: https://www.sognnaring.no/aktuelt/fretak-med-minst-30-omsetningsfall-kan-f-kompensasjon-fr-staten.
Statlege lånegarantiar - likviditetslån til bedriftene
Det er etablert ein statleg lånegaranti spesielt retta mot nye banklån til små og mellomstore bedrifter som får driftstap som følgje av viruset. Bankane kan no lettare tilby likviditetslån, og myndighetene har stilt følgjande krav:
Ordninga gjeld berre bedrifter som det er forventa at er lønsame under normale marknadsforhold. Bedrifta må ha positiv eigenkapital ved utgangen av 2019 og positivt resultat før koronautbrotet kom til Norge.
Likviditetslån til kvar bedrift skal ikkje overstige det lågaste av;
To gangar lønskostnadar i 2019 (evt. beste anslag for ny-oppstarta selskap)
25 prosent av omsetninga i 2019
Bedrifta sitt berekna likviditetsbehov
50 millionar kroner
Nedbetalingstid på maksimalt 3 år
Ta kontakt med banken din for meir informasjon om ordninga.
Det er også foreslått å på nytt opprette Statens obligasjonsfond, for å bidra til auka likviditet og kapitaltilgang i obligasjonsmarknaden, der dei største bedriftene i all hovudsak låner pengar.
Auka støtte til kompetanseutvikling (BIO-ordninga)
Arbeidsmarknadstiltaket bedriftsintern opplæring (BIO-ordninga), skal bidra til at bedrifter kan bruke ledig kapasitet til å heve kompetansen og omstille seg, i staden for å måtte permittere eller sei opp dei tilsette. Løyvinga til ordninga er auka med 50 millionar kr.
Fylkeskommunen forvaltar ordninga, og du finn utlysinga her.
Tilskotsordningar under Innovasjon Norge
Innovasjon Norge har justert sine tilbod for å møte endra behov i næringslivet, og legg opp til eit større bidrag til finansiering enn normalt. Kravet til eigenkapital er redusert. Dei tilbyr også avdragsutsetting på lån, og lågare renter enn vanleg. Ta kontakt med Innovasjon Norge i dag for å høyre korleis dei no kan hjelpe di bedrift: https://www.innovasjonnorge.no/no/om/kontakt-oss/lead_form_ekstratiltak/.