Webinar: Styrearbeid

23. april 2020 klokka 08:00 - 09:00. Påmelding nederst på sida.

Sogn Næring, Sognefjorden Næringshage og StyreAkademiet Vestland ønskjer velkommen til Webinar 23. april klokka 08:00. (Arrangementet var opprinneleg ei frukostsamling, men er no endra til eit webinar). Påmeldte deltakarar får tilsendt informasjon om pålogging i forkant av møtet.

Styret er mykje meir enn ei lovpålagd oppgåve. Eit breitt samansett og godt fungerande styre er ein viktig ressurs for bedrifta på mange måter. Organisering, arbeidsform og kompetanse er viktige stikkord når vi har styrearbeid som tema for frukostmøte i april.

Victor Jensen er leiar i StyreAkademiet Vestland og i Norge, har fleire styreverv, og jobbar profesjonelt med med eigarstyring og selskapsleiing i ADI Rådgivere i Bergen. Foredraget hans tek utgangspunkt i ei stor undersøking som StyreAkademiet gjennomførte saman med PureHelp. Undersøkinga fekk brei omtale i media, og synte viktige funn knytt til verdien av å profesjonalisere styrearbeidet og reindyrke styrleiarrolla.

Vår eigen Trine Lerum Hjellhaug vil harde inlegg med utgangspunkt i egne erfaringar frå styrearbeidet i Lerum-konsernet. Særleg vil Trine fokusere på verdien av eksterne styremedlemmar.

Samlinga vert leia av nestleiar i styret til Sogn Næring, Cecilie Njøs Høgheim.

StyreAkademiet er ein ideell foreining for å fremme godt styrearbeid. Region Hordaland er no omdøpt til StyreAkademiet Vestland, og no vil dei etablere seg med eit eige styre i Sogn. Foreininga ønskjer å vere «framtidas faglege styrearena», og inviterer mellom anna til foredrag og andre arrangement .

Har du spørsmål rundt arbeidet til Styreakademiet, ta gjerne kontakt med victor.jensen@styreakademiet.no.

Påmelding:

Påmeldte får tilsendt påloggingsinformasjon i forkant av møtet.