Tre stykk synte ekstra handlekraft på Vestlandskonferansen
Trua på at nokon andre vil redde oss er den største trusselen for framtida
Det var orda Jan Erik Kjerpeset brukte for å innleie årets Vestlandskonferanse. Overskrifta for konferansen var Handlekraft, noko vi treng mykje av i tida framover. Programmet for dagen var fullspekka av handlekraftige og insipirerande folk.
Å bruke ein heil dag på konferanse er kanskje ikkje det ein forbinder med handlekraft, men jammen gir det mykje i form av ny kunnskap, endra perspektiv og inspirasjon til å fortsette arbeidet med utvikling i Vestland! Vestlandskonferansen serverte store mengder informasjon og inntrykk i løpet av kort tid og det er naturleg nok ikkje alle innleiarar og bodskap som festar seg like godt eller som gir like store inntrykk.
For min del var det tre stykk som eg tykkjer formidla mest handlekraft, der eg satt igjen med eit reelt inntrykk av at desse individa kjem til å gjer ei skilnad for framtida til Vestland. For å referere Jan Erik Kjerpeset igjen;
Handlekraft er vanskeleg å definere, men du er ikkje i tvil når du ser det.
Slik kjentes det ut da desse tre damene tok scena. Det gir inntrykk når leiar for unge Venstre Ane Breivik, etter mi meining, argumenterer betre enn Olje- og energiminister Terje Aasland. Og når Kristin Harila fortel om korleis ho vart møtt som klatrar i eit mannsdominert miljø, sa opp jobben og satte seg eit mål om å klatre dei 14 høgste fjella i verda på under seks månader og seks dagar. Dagens siste preik vert avslutt av ein samtale mellom Kristine og leiar i natur og ungdom, Gina Gylver. Når spørsmålet om kva Gina ville gjort om ho var statsminister, var det ingen tvil om korleis ho ville løyst oppgåva. Vestlandet, Norge og verden treng fleire slike handlekrafige kvinner, (og menn).
Vi må samarbeide om utviklinga og vi må bygge laget rundt dei som ynskjer å bidra og som ikkje sit å ventar på at nokon andre gjer jobben for oss.
Vi må styrke vår kollektive HANDLEKRAFT når det gjeld som mest
Handlekraftige kvinner høver seg godt som eit tema på 8. mars, og vi veit det er ein heil gjeng av desse i Sogn. Difor arrangera vi, saman med Sogn U40 og HVL Skape næringspub på Dampskipskaien på den internasjonale kvinnedagen, der tema er kvinner og entreprenørskap. Møt opp og bidra til at Sogn held fram som ein handlekraftig region!