Bli kjend med FUSarane: Jim Skarstein i Sogndal E-Sport

Jim Skarstein er eit av dei nye ansikta på FUS, men han har allereie gått i gangane på Campus i ein fleire år.

Kven er du?
Eg er ein 38 år gammal mann frå Holmedal i Askvoll kommune. Hadde budd og jobba i Bergen i 11 år, men i 2019 gjorde eg eit studiecomeback så då var det og naturleg med eit comeback til Sogndal der eg har studert tidlegare. Er no godt i gong med master i Idrettsvitenskap

Kva jobbar du med?
Eg er dagleg leiar hjå Sogndal e-sport, som eg starta ilag med Christoffer Irgens. I tillegg har eg ei 20% stilling i HVL-Skape.

Sogndal E-sport er kort fortalt eit tilbod som ynskjer å skape engasjement og aktivitet for e-sport i Sogndal. Du kan lese meir om tilbodet her.

Korleis fant du oss?
Christoffer og eg hadde eit møte med Sogn Næring i forbindelse med oppstarten av Sogndal e-Sport, der Line Bjelde informerte om moglegheiten for å sitje FUS.

Kva fordelar ser du med å sitje på FUS og ikkje heime?
På FUS har ein tilgong på møterom og sentral lokasjon på campus. Her er det kort veg til det meste.

Kva fordelar har ein med å velge FUS?
Vi har ikkje hatt arbeidsplass på FUS lange tida, så det er gjerne litt tidleg å trekke sluttnader. Men grupperomma på HVL er til tider pressa, så vi ser allereie store fordelar med å alltid ha ein ledig arbeidplass tilgjengeleg. I tillegg er eg nysjerrig og glad i å prate med folk, så ser fram til å helse på dei andre bedriftene på FUS

Og heilt til sist, kva betyr “FUS”?
Det betyr at eg er fus i alt!

Fasit: FUS - “uttrykk som nyttast mellom vener/søsken for å stadfeste førsteretten til noko, den som er førstemann.”

Jim Skarstein
Ida Brastad Ramsfjell