Ny informasjon - Praktisk kurs for opplevingsbedrifter 19.–20. februar 2022
Visit Sognefjord og Balestrand Adventure inviterer til:
Praktisk kurs for opplevingsbedrifter
19.–20. februar 2022
Kurset blir no gjennomført digitalt, og det er nokre plassar igjen. Om du var interessert, men ikkje hadde anledning til å reise til Balestrand, er det berre å hive seg med!
Tekst/prisingkurset blir utsatt til 19. mars.
Gratis for medlemmar av Visit Sognefjord
Om kurset
Kvar guida tur er ein teaterproduksjon. Med Sognefjorden som kulissar blir gjestane transportert til ei ny verd, langt frå kvardagen. Og bak kvar time saman med gjestane ligg det mange timar backstage med produktutvikling, marknadsføring og sikkerheitsarbeid. På kurset jobbar vi med desse backstage-prosessane: korleis eit produkt blir presentert og prisa, og korleis det blir sikkert gjennomført.
Kurset er meint for alle opplevingsbedrifter, både nye og etablerte. Målet er å lære av kvarandre, ikkje berre av kurshaldarane. Etterpå vil du føle deg tryggare i ditt eige arbeid med skriving, prising og HMS.
Program
Laurdag 19. februar, 09:00–15:00: HMS for opplevingsbedrifter ved Camilla Ianke, Northern Exposure og Pål S. Jensen, Zenit Advokater
Sundag 20. februar, 09:00–15:00: Effektiv skriving og prising ved Jesse Bratt, Visit Sognefjord
HMS for opplevingsbedrifter
Risiko er der, alltid. Om du driv med fjellturar, padleturar, rafting eller toppturar på ski ligg den alltid i bakgrunnen. I dette kurset får du oversikt over lovverket og rettspraksis knytt til risikohandtering, og konkrete verktøy du kan bruke i bedrifta di til å sikre gjestane og deg sjølv. Vi tek for oss spørsmåla
Kva krev lovverket av deg som leverandør av opplevelsesbasert reiseliv?
Risiko, sikkerhet og den menneskelige faktor – Kvifor skjer det ulykker?
Systematisk sikkerhetsarbeid – Korleis ser ein god internkontroll ut?
Effektiv skriving og prising
Bak kvart produkt ligg hundrevis av ord: produkttekstar, epostar, bestillingsvilkår og annonsar. Pluss eitt viktig tal: prisen. Når du sit med eit blankt ark er det vanskeleg å unngå dei gamle klisjéane og prisane til konkurrentane. På kurset får du hjelp med dine eksisterande tekstar og konkrete verktøy for prising og tekstskriving. Vi tek for oss spørsmåla
Korleis kan du skrive effektive tekstar utan ordet "fantastisk"?
Korleis kan du bli sikker på at du tek rett pris?
Om kurshaldarane
• Camilla Ianke har hjelpt Forsvaret med å utvikle sikkerheitsrutinar mot skredulukker, og ho har guida mange gjestar til fots, på ski og på kajakk i vêrharde område som Grønland og Svalbard. I dag driv ho selskapa Northern Exposure AS og Coasteering AS.
• Pål S. Jensen er utdanna politimann og partnar i Zenit Advokater i Tønsberg, og har spesialisert seg innan friluftsaktivitetar.
• Jesse Bratt er prosjektleiar i Visit Sognefjord, og har jobba med produktutvikling i Balestrand Adventure.