Lunsj med påfyll: Brasa – frisk restaurantsatsing i Sogndal

Lunsj med påfyll: Brasa – frisk restaurantsatsing i Sogndal
Onsdag 2. februar klokka 11:30
2. etasje Innovasjonsbygget, Campus Sogndal

Følg arrangementet direkte eller sjå opptak nederst på denne sida.

Victor og Pia startar snart opp BRASA Restaurant og Bar i bankbygget i Sogndal. Der satsar dei på å introdusere sogningane for latinamerikanske matkonsept.

————————————————

Sogn Næring ønskjer å skape ein lågterskel møteplass for næringslivet i kommunen. Vi inviterer deg til å ta med matpakka og spise lunsj saman med oss. Vi byr på kaffi og te, og inviterte gjester som deler ei historie, ein idé, eit prosjekt, kunnskapen eller draumen sin med oss.

Frå klokka 11.30 er kaffien klar og arrangementet er gratis og opent for alle med godt humør.

Vi i Sogn Næring er sjølvsagt til stades både før og etter arrangementet om det er bedrifter eller eldsjeler som vil prate med oss. Gjer gjerne ein avtale i forkant, eller ta kontakt med oss under arrangementet.

aktueltGuest User