Regjeringen fekk høyre om digitalisering, samarbeid og utvikling

Regjeringen sitt digitaliseringsutval er leia av statsminister Erna Solberg og har fleire statsrådar som medlemmer. Fredag fekk dei møte eit utval Sogndalsbedrifter fortelje om digitalisering, samarbeid, utvikling og det gode liv i Sogndal.

Rekkje Stiutvikling er stibyggarpionerane som vaks fram frå landskapsutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet. På 3 år har dei gått frå enkeltmannsforetak til 22 tilsette og har fulle ordrebøker og oppdrag over heile landet.

Norconsultkonsernet tilbyr tilsette å sjølve velje arbeidsstad. Etter etableringa på Campus i Sogndal opplever regionkontoret sterk vekst, og har gått frå 17 til 34 arbeidsplassar.

Campus Sogndal er ein smeltedigel av private og offentlege verksemder, høgskule og forskingsinstitutt, frivillig sektor, studentar og elevar, eit komplett verkemiddelapparat for næringsutvikling og proffesjonell idrett.

På bilete ser du Roald Eidsheim og Anette Mjølsnes frå Rekkje Stiutvikling, Tone Myklebust Kvåle frå Norconsult og Yngve Hallén frå Evospor/Sogndal Fotball AS.

aktueltGuest User