FS Anlegg og Augestad Maskin er miljøfyrtårnsertifisert
Augestad Maskin i Vik og FS Anlegg er no begge miljøfyrtårnsertifiserte. Det synlege beviset fekk dei overrekt frå ordførarane Roy Egil Stadheim og Arnstein Menes.
-Prosessen gjekk greit, fortel Leif Norvald Fimreite i FS Anlegg. -Me hadde god hjelp av Maskinentreprenørenes Forbund til gjennomføringen av prosjektet. Eg synest prosessen var god, så eg vil seie til dei som vurderer sertifisering at det er ikkje noko og kvi seg for
Fimreite etterlyser meir fokus på sertifiseringa i samband med anbod: -Vi får ikkje meir arbeid grunna sertifiseringa. Det er framleis pris som er avgjerande faktor både i private og offentlege anbod.
Bjørn Tore Årevik i Augestad Maskin kan imidlertid fortelje ei anna historie:
-Ja me har fått effekt i form av meir arbeid. Me har snudd fokuset i bedrifta frå å være underentreprenør, til å være hovedentreprenør. I fleire kontraktar er det eit krav at hovedentreprenør skal være Miljøfyrtårnsertifisert eller ha tilsvarande godkjenning. Å være sertifisert gir oss derfor anledning til å konkurrere om fleire oppdrag.
Korleis var prosessen mot sertifisering?
-Prosessen fram mot sertifisering var faktisk veldig interessant og lærerik. Me fekk veldig god rettleiing og gode råd av saksbehandler som fulgte oss i prosessen. I vår bransje er det økt fokus på miljø og bærekraft. I vegen fram mot sertifisering, har dette gitt oss god lærdom som også gir økonomiske fordeler til selskapet. Å være sertifisert som Miljøfyrtårn er faktisk med på å sikre arbeidsplassar i selskapet.
Har de råd til bedrifter som vurderer å gå i gang med ein slik prosess?
-Vårt råd til bedrifter som vurderer å gå i gang med ein slik prosess, er at dette treng ein ikkje å vurdere så mykje. HOPP I DET, og set i gang prosessen fram mot sertifisering! Ha ein som er ansvarlig for dette, og dersom vedkommande gir fortløpande ut informasjon om sertifiseringa til dei andre i bedrifta, involverer ein alle i prosessen. Alle lærer noko, og alle set forkuset på miljø. Få med bedrifter ein samarbeidar med til også å sertifisere seg.
Vi gratulerer både FS Anlegg og Augestad Maskin med sertifiseringa, og oppfordrer alle verksemder i Sogn til å vurdere liknande prosess!