Reiselivet i 2020 – status og vegen vidare - sjå opptak her
Quality Hotel Sogndal 30. september klokka 14:00. Fint om du gjer ein lyd om du kjem og gjerne inviterer kollegaer her.
Sjå opptak av arrangementet nederst på denne sida.
2020 har vore eit utfordrande år for reiselivet. Den utanlandske trafikken kom aldri, medan nordmenn kompenserte for fleire bedrifter, i alle fall i juli. Visit Sognefjord, Sognefjorden Næringshage og Sogn Næring inviterer til oppsummering av 2020 for reiselivet så langt.
Kva er dei harde fakta om trafikken i 2020? Kva har fungert i sommar og kva har ikkje fungert? Korleis ser 2021 ut, og kva må vi gjere for å lukkast framover?
Du møter:
Jørgen Christian Lindstrøm, direktør Quality Hotel Sogndal
Siri Dalehaug, direktør Skjolden Hotel
Solrun Hjelleflat, CEO Aurland Ressursutvikling AS
Ståle Brandshaug, direktør Visit Sognefjord
I tillegg vert reiselivsaktørar i regionen utfordra til å kommentere undervegs.
Møteleiar er Line Bjelde frå Sogn Næring