Vil du vere med å skape vekst og utvikling i Sogn?
Vi søkjer seniorrådgjevar/prosjektleiar, prosjektstilling 2 år
Sogn Næring er Sogndal kommune og næringslivet i kommunen sitt apparat for næringsutvikling og skal bidra til auka tal på arbeidsplassar i kommunen. Selskapet skal mellom anna leggje til rette for dei som ynskjer å starte eiga bedrift eller utvikle eksisterande verksemd. Vi skal også vere med å bygge Sogn som ein attraktiv bu- og arbeidsmarknadsregion. I tett samarbeid med kommunane i Sogn arbeider me for å bygge sterke nærings- og kompetansemiljø på tvers av bransjar og kommunegrenser. Vi opererer også SIVA sitt næringshageprogram saman med Sognefjorden Næringshage, eit program som skal gi lokale bedrifter auka mogelegheiter til vekst.
Vi har no ledig stilling i 2-årig prosjektstilling som seniorrådgjevar med høve til forlenging
Arbeidsoppgåver:
Leie regionale utviklingsprosjekt innan
profil- og merkevare
reiseliv
lokalmat
grøn næringsutvikling
Forretningsutvikling
Regionalt utviklingsarbeid
Nettverksbygging og møteplassar for næringslivet
Ynskja kvalifikasjonar
Erfaring med prosjektleiing og utviklingsarbeid
Erfaring frå reiseliv og grøne næringar
God forretningsforståing
God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne
Kjennskap til verkemiddelapparat
Relevant utdanning
Vi ynskjer ein person som
er strategisk, engasjert, initiativrik og sjølvstendig.
har evne til å motivere til utviklingsarbeid.
er løysingsorientert og kan vise til oppnådde resultat.
utadvent, god på nettverksbygging og samhandling.
Vi tilbyr
ein spanande jobb, der ditt bidrag blir viktig for utvikling i regionen.
gode utviklingsmogelegheiter.
gode løns- og pensjonsvilkår.
fleksibel arbeidstid.
ein dynamisk arbeidsplass i utviklingsmiljøet på Campus Sogndal
samhandling med offensive krefter i Sogn.
Kontorstad er Campus Sogndal, med heile Sogn som arbeidsplass
Spørsmål om stillinga kan rettsast til seniorrådgjevar Gunn Cecilie T. Hundere på 930 91 743.
Søknad sendast post@sognnaring.no. Søknadsfrist 28/9 2020.