Restart Reiseliv: Opplev vinteren i Sogn

Prosjektet Restart Reiseliv har sidan våren 2021 arbeida med å “restarte” og forsterke samarbeid og utvikling i reiselivsbygder i Sogn, eit prosjekt delfinansiering av Vestland fylkeskommune. Målet med prosjektet har vore å auke verdiskaping og lønsemd for reiselivsbedrifter gjennom ein lengre sesong, og på den måten få utvikla fleire helårsarbeidsplassar for å gi eit meir levedyktig lokalsamfunn der det i dag er eit sesongbasert næringsliv.

Tidleg i prosjektet blei det gjennomført intervjurundar med dei ulike reiselivsaktørane for å få fram potensielle gode utviklingsaktivitetar, og for å sjå kva dei kan lære av kvarandre. Det blei også arrangert test-turar i Jostedalen, Flåm og Fjærland, som alle har resultert i filmar for å syne dei unike plassane som vinterdestinasjonar.

Sjølv om prosjektperioden no går mot slutten så fortset arbeidet med å utvikle fleire produkt, og ikkje minst marknadsføre alt dei flotte destinasjonane allereie har å tilby på vinterstid.

Nedanfor kan du sjå filmane og glede deg til ein ny vintersesong i Sogn:

Fjærland:

Jostedalen:

Flåm: