Sparebankstiftinga held gratis søknadskurs i Sogndal
Sparebankstiftinga køyrer i gong ei ny runde med sine populære gratis søknadskurs i forkant av haustens søknadsfrist 1. september.
Kurset er utvikla for lag og foreningar som skal søkje midlar til si verksemd, og tar for seg korleis ein søknad om midlar bør sjå ut; anten ein har tenkt å søkje gåvemidlar frå Sparebankstiftinga eller andre stader. Tidlegare kursdeltakarar har svart i spørjeundersøking svart at over 50% har fått meir midlar til laget i etterkant av søknadskurset. Kursa varer i to timar.
I tillegg vil det bli høve til å møte administrasjonen til stiftinga på dagtid på kurs-dagen/-staden, om du ynskjer råd og innspel til eit tiltak; anten du har ein idé eller eit behov du vil drøfte, eller ein kladd til konkret søknad som du vil ha tilbakemelding på.
Kurset i Sogndal er satt til Onsdag 17. August kl. 18.00-20.00 og finn stad på Kulturhuset (Blaoboxen)
Meir info og påmelding her