Restaurant- og matfag i positiv utvikling

Finale kokkekamp 2019. Foto Jostein Heggestad, Sogndal vgs

Det gler oss at talet førsteprioritetssøkarar ved restaurant og matfagutdanninga ved Sogndal vidaregåande skule aukar for neste skuleår. Vi heiar på både skulen, utdanninga og elevane , de vert ein viktig ressurs for oss som jobbar i reiselivs- og matfaga i framtida.

Hovudutval for opplæring og kompetanse skal i møte mandag 20. april handsame opplæringstilbodet i 2020/21. Fylkesdirektøren skriv: «Tilbodet ved Sogndal VGS har vore spesielt utsett. Til inneverande år vart vg1 restaurant- og matfag sett i gang, men i løpet av kort tid hadde så nær alle inntekne fått plass på høgare ønske, og klassen vart ikkje vidareført. Etter første prøveinntak er det teke inn ni søkarar med ungdomsrett, der sju er primærsøkarar. Det gir grunnlag for å starte opp vg1.» 

Svak rekruttering er diverre ein nasjonal trend for dette faget. Det er sett i gang gode rekrutteringstiltak både frå fylkeskommunen og frå skulen, og i fleire av tiltaka er vi i næringslivet glade for å vere involvert. Mellom flotte tiltak kan vi nemne:

  • Kokkekamp for ungdomsskulane i Sogn

  • Tilbod om arbeidslivsfag for 9. og 10. klasse

  • Besøk hjå 300 elevar i 10.klasse

  • Open skule for føresette og elevar som skal velje utdanning

  • Hospitering/utdanningsval for 9. og 10. klasse

  • Arrangement saman med Visit Sognefjord og matnæringa på kjøkenet til Sogndal vgs.

Framover ønskjer vi å bidra til å gje utdanninga ei enda tettare kopling til nærings- og arbeidslivet. Både bidrag i undervisninga, praksis og lærlingplassar, samarbeid om arrangement og rekrutteringstiltak og rundt utvikling av utdanninga er vi i god dialog.

Sogndal Vidaregåande skule har topp moderne fasilitetar og er lokalisert i eit flott læringsmiljø på Campus Sogndal. Vi ønskjer oss både kortreist mat og kortreist arbeidskraft med høg kvalitet. Saman skal vi løfte Sogn og Vestland sine mattradisjonar.

Vi set vår lit til at politikarane våre i Hovudutval for opplæring og kompetanse tek framtidsretta val i møtet på mandag.

  • Ann Elisbeth Skjerven, Sogndal kommune

  • Arne Glenn Flåten, Vesterland Feriepark

  • Aud Melås, Flåmsbrygga Hotell

  • Bernt Aleksander Elle, Ellevilt

  • Bård Huseby, Fjærland Fjordstue Hotell

  • Emilie Anne Pellegrino, Leikanger Fjordhotel

  • Inghild Lysne Sanden, Nortura Sogndal

  • Jorunn Åsfrid Røyrvik, Blix Hotel

  • Jørgen Christian Lindstrøm, Quality Hotel Sogndal

  • Knut Munthe Olsen, Årøyelven

  • Knut Rune Bøe, Lærdal Grønt

  • Lise Sundberg, Kafé Krydder

  • Marianne Jevnaker, Vitemeir

  • Nils Olav Øy, Meny Sogndal

  • Odd Ohnstad, Haugen Gardsmat

  • Sigurd Kvikne, Kviknes Hotel

  • Siri og Aslak Dalehaug, Skjolden Hotel

  • Solrun Hjelleflat, Aurland Ressursutvikling

  • Ståle Brandshaug, Visit Sognefjord

  • Trine Lerum, Lerum AS

  • Torgeir Skålid, Sogn Næring

aktueltGuest User