Føretak med minst 30 prosent fall i omsetning kan søke om kompensasjon frå staten
Føretak med minst 30 prosent fall i omsetning (20 prosent i mars) som følgje av koronaepidimien, kan søke om støtte til uunngåelege faste kostnadar. Som uunngåelege faste kostnadar reknast leige av lokale, lys og varme, vatn og avløp, forsikring, leige av utstyr og transportmidlar, samt netto rentekostnadar.
Fall i omsetning i prosent tek utgangspunkt i tal for omsetning i mars månad 2020 og omsetning i mars månad 2019. Dersom bedrifta ikkje var verksam i 2019, skal ein legge til grunn eit gjennomsnitt av omsetninga for januar og februar 2020.
Søknadskjemaet finn du her: https://kompensasjonsordning.no/.
Sjekk ut Deloitte sin guide til søknadar om kontantstøtte
Føretak som er pålagt å stenge ned
Føretak som er pålagt å stenge ned av staten, vil få dekka inntil 90 prosent av sine uunngåelege faste kostnadar per månad. Dette blir berekna slik: Reduksjon i omsetning x uunngåelege faste kostnadar x justeringsfaktor på 90 prosent.
Døme - Klinikk 10 A – pålagt å stenge av staten
omsetningsfall = 100 prosent
X
faste kostnadar = 76 000
X
90 %
=
68 400
Føretak som ikkje er pålagt å stenge, men har reduksjon i omsetning
Bedrifter som ikkje er pålagt å stenge, men likevel opplever reduksjon i omsetning på 30 prosent eller meir (20 prosent i mars), vil få kompensasjonen berekna slik:
Reduksjon i omsetning x (uunngåelege faste kostnadar – eigenandel på 10 000 kroner) x justeringsfaktor på 80 prosent.
Døme - Follo Catering AS - reduksjon i omsetning
omsetningsfall = 75 prosent
X
faste kostnadar – 10 000 = 140 000
X
80 %
=
84 400
NB: Eigenandelen for bedrifter som ikkje er stengt ned av staten vil bli halvert til 5 000 kroner frå og med søknaden for april. Det blir også jobba vidare med å få på plass ein ny berekningsmodell som gjer at kompensasjonsordning skal treffe sesongbedriftene betre. Modellen er i følge regjeringa snart klar, og det blir lagt opp til ei samla etterbetaling for mars, april og mai.