Årskonferansen Fjordvegen

Måndag 25.april inviterte Fjordvegen Rute 13 til årskonferanse i Stavanger. Sentrale politikarar, næringsliv og samferdselsinteresserte langs riksveg 13 var samla for å diskutere betring av samferdsel og utviklinga langs det som blir omtalt som den indre stamvegen på Vestlandet. Fjordvegen Rute 13 er ein interesseorganisasjon som arbeidar for trygg veg, gul midtstripe og god standard langs heile riksveg 13 frå Stavanger i sør til Sogndal i nord.

Konferansen hadde eit innhaldsrikt program, der me mellom anna fekk høyre korleis Nye Veier bereknar samfunnsøkonomisk lønsemd, der kriteria som beredskap og framkomst også blir vekta. Vikafjellstunnelen blei også nemnd av fleire, til tross for at det framleis ikkje er sett av pengar til den i denne runda. Rassikring var naturleg nok også eit sentralt tema på konferansen, og Nasjonal Rassikringsgruppe var til stades for å fortelje om korleis ny teknologi kan vere med i arbeidet med rassikring.

Riksveg 13 er som kjend også ein mykje besøkt turistveg. Det fekk Fjord Norge vist fram i eit friskt innslag mellom dei politiske debattane der dei presenterte Fjordvegen som eit attraktiv og berekraftig reisemål på Vestlandet.

Me sit igjen med mykje ny innsikt, og ser fram til å vere med vidare i arbeidet for å heve standarden på Fjordvegen Rute 13.