Fann løysingar på kvardagsproblem på tur

I april har over 150 studentar ved Sogndal folkehøgskule og elevar ved Sogndal vidaregåande skule fått prøve seg som idéutviklarar. På ein Walkshop(TM) og inspirasjonsforedrag med Torill Bye Wilhelmsen i Fjellflyt har dei kome opp med kvardagsproblem - og funne løysingar.

Ein Walkshop(TM) er ein workshop der ein utviklar løysingar og kjem opp med idear medan ein går tur. Å vere i røyrsle medan ein tenkjer kan auke kreativiteten med heile 60 prosent.

Kom opp med kreative løysingar i fleng

Av forretningsideane ungdommen kom opp med var det eit vidt spekter av idear. Mellom anna eit klestørekstativ som krev minimalt med plass, treningsklede for ulike kroppstypar, næringsrik frukost på flaske som kan drikkast på veg til skulen, kvardagsklede for folks om er lange i ryggen og ein ny funksjon for lydjustering på stereoanlegg i bilar.

Andre hadde idear til ein sirkulær bedrift som låner ut og reparerar friluftsitstyr. Andre jobba med å finne ut korleis bussen kan få fleire passasjerar og fann løysingar på parkeringsproblemet i Sogndal.

Det neste og beste er enda ikkje funne opp

Dei neste og beste ideane er enda ikkje funne opp! Elevane har synt at dei har stort engasjement og interesse for entreprenørskap, og det er heilt tydeleg at det er mange gründerspirer blant desse elevane

Line Bjelde