Samarbeid gir positivt resultat i rekrutteringsprosjekt!
Restaurant og Matfag linja på Sogndal VGS har fleire søkarar til 2022/2023 semesteret enn det har vert på mange år. Fleire av søkarane kjem frå eit samarbeidsprosjekt mellom NAV og Fylkeskommuna om eit vaksenopplæringsprogram. Prosjektet starta på initiativ frå Sogn Næring, og vi har tatt del i prosessen med mobilisering og kontakt mot lokale aktørar.
Mat og drikke næringa har i mange år rapportert om stort behov for rekruttering av både kokkar og servitørar. Aktørane i dette prosjektet har arbeida systematisk med å mobilisere næringslivet til å bli lærlingbedrifter og dermed bidra til å auke rekruttering. Så langt har mange aktørar meldt seg, men det er plass til fleire! Er du ei mat og drikke bedrift i Sogn som har behov for arbeidskraft og ynskjer å bidra så ta kontakt med Idunn Litlere Brodahl i NAV på Idunn.Litlere@nav.no