Vik kommune revidere kommuneplanen sin arealdel
Vik kommune er i gang med revidering av kommuneplanen sin arealdel. Som ein del av prosessen vart vi invitert på ein ekskursjon i Vik, for å besøke bygdene og sjå områda som står klar til næringsføremål.
Saman med representantar frå Norconsult og Vik kommune fekk vi ein innhaldsrik Tour de Vik, med sjølvaste ordførar Roy Egil Stadheim som sjåfør og guide. Vi vart enda betre kjend med kommunen med det breiaste næringslivet i Sogn og vi ser fram til å fortsette samarbeidet med Vik kommune.
Har du innspel til arealdelen kan desse sendast til kommunen fram til 27. mai. Hugs at nye innspel skal vera skriftlege og innehalda opplysningar om: dato, namn, adresse og telefon/e-post. Innspel som gjeld konkret forslag til arealbruk (ny byggeområde)skal dokumenterast med kartvedlegg der avgrensinga av området er påteikna.
Innspel skal sendast på e-post til postmottak@vik.kommune.no eller som brev til Vik kommune PB 134, 6891 Vik i Sogn innan 27. mai 2022.
Les meir om prosessen på Vik kommune sine heimesider.