Sirkulærdagane i Sogndal

 

Neste veke går Sirkulærdagane av stabelen i Sogndal, og rettar fokus mot ein meir klimasmart og miljøvennleg kvardag. Målet med sirkulærdagane er å gjøre studentar, tilsette og lokalbefolkningen forøvrig meir bevisste, og gje deltakarne ein moglegheit til å vere med å peike på løysingar på lokale og globale utfordringar.

Mandag 13. mars - onsdag 15. mars er fullspekka av inspirerande arrangement og føredrag - alt frå klesbyttetorg og utstilling av sjølvlaga treski til larvebrownies og quiz om sirkularitet. HVL Skape inviterer også studentar til workshop på Dampskipskaien, der vi i Sogn Næring er med for å få innspel på kva som manglar av gjenbrukstilbod i Sogndal, og ikkje minst for å kome i kontakt med dei som har lyst å gjere noko med det og starte opp sjølv. Gjengen frå Omatte, som deltok på årets Fjellpitch, skal også teste konseptet sitt med pop-up på Dampskipskaien like etter workshop.

Her kan du sjå heile programmet for Sirkulærdagane.