Kreative og engasjerte HVL- studentar: Kunstkollektivet

 

“Det er for få sosiale og kreative tilbod for vaksne i Sogndal.”

-
Kunstkollektivet

I samarbeid med HVL Skape, Kunnskapsparken Vestland, Fjellsportfestivalen og Eigergruppa Campus arrangerte Sogn Næring det årlege arrangementet Fjellpitch i februar. Blant deltakarane i pitchekonkurransen var mellom andre HVL-studentane Rikke, Valentina, Ida Marie og Kristine. Dei pitcha Kunstkollektivet, eit konsept der dei vil skape ein sosial samlingsplass for innbyggjarane i Sogndal (primært dei over 18 år), der ein kan drive med handverk og kreative aktivitetar saman med andre. Dei håpar også å kunne tilby diverse workshops og kurs innanfor handverk. Slik vil dei lage ein arena der interesserte deltakarar kan få ny kunnskap og ferdigheiter, og ein arena for dei som ønskjer å holde kurs for andre.

«Vi er motivert for å skape Kunstkollektivet for å få sosiale og kreative tilbod for dei som er 18 år og oppover i Sogndal. I tillegg er det viktig å ha sosiale møteplassar som går utanfor friluftsliv og idrett. Vi ønsker også å skape relasjonar på tvers av aldersgrupper, noko som igjen kan bidra til vidareføring av kunnskap som er på veg ut eller inn i samfunnet vårt»

- Kunstkollektivet

Kunstkollektivet er framleis i ein oppstartsfase, der dei formar idéen for å søke på diverse støtteordningar for videre arbeid. Dei ønskjer også å danne relasjonar og å kome i kontakt med potensielle bidragsytarar og samarbeidspartnarar.

Saman med HVL Skape heiar Sogn Næring på kunstkollektivet, og oppfordrar dei som tykkjer idéen er spanande til å ta kontakt med jentene.

Kristine, ida Marie, Rikke og Valentina frå Kunstkollektivet

HVL = Høgkulen på Vestlandet