Sirkulærdagene ved Høgskulen på Vestlandet

I veke 11 gjekk det årlege arrangementet Sirkulærdagane ved Høgskulen på Vestlandet føre seg. Gjennom tre dagar fekk både studentar og andre innbyggjarar tilgang på eit spennande program, mellom anna byte av klede, spennande foredrag om sirkulær økonomi og friluftslivsparadokset, helst på Omatte (sjå lenger nede i saka), rettar laga av insekt og ein idéverkstad om ombruk- og reperasjonstilbod.


«I en sirkulær økonomi utnyttar vi naturressursar og produkta effektivt og så lenge som mogleg, i eit kretsløp der minst mogleg ressursar går tapt.» Sirkulær økonomi - Miljødirektoratet (miljodirektoratet.no)


HVL Skape inviterte studentane til middag og idéverkstad på Dampskipskaien. Der var målet å få betre innsikt i kva studentane tykkjer mangler av tilbod innanfor ombruk- og reperasjonstilbod i Fjøra, samt korleis ein kan jobbe med å forbetre det. Til stades på Kaien var også Elisabeth Nilsen (samfunnsutviklar i Sogndal Kommune), Dagny Alvik (direktør i Simas) og vår rådgjever Ida Ramsfjell. Dei svarte på spørsmål frå studentane, samstundes som dei høyrde på idémyldringane og diskusjonane undervegs.

Idéverkstaden resulterte i fleire gode innspel og tankar som Sogndal kommune, Simas og Sogn Næring vil ta med seg videre i arbeidet for eit betre ombruk- og reperasjonstilbod. Ida håper at nokon av deltakarane fekk ein idé eller «eit lite dytt» til å ta kontakt for å få hjelp til å starte opp noko innanfor gjenbruk- og reperasjonssegmentet.

Etter idéverkstaden med HVL Skape fekk bedrifta Omatte testa sitt konsept på Dampskipskaien. Konseptet er eit nytt secondhand-tilbod som om kort tid åpnar butikk i Sogndal sentrum. Du kunne lese om Omatte i Sogn Avis tidlegare i mars.

«Vi har fått vere synlege både på HVL og på Dampskipskaien, og er svært nøgd med det! Vi blei møtt med mange positive tilbakemeldingar, så no gler vi oss masse til åpning av butikken i juni.»

Mia Sande, Omatte

Vi i Sogn Næring gler oss til å sjå resultatet i juni, og heier på Mia og resten av Omatte.

Studentar på workshop på Kaien

Idéverkstad på Dampskipskaien

Stina (Naturvernforbundet), Jørn (Simas) og Mia (Omatte) i ein sofaprat om klesindustrien

Studentar som sjår på tilbodet til Omatte

Studentane var nysgjerrige på tilbodet til Omatte

Ida Brastad Ramsfjell