Prisdryss til Sogn på Fylkesmesterskap for ungdomsbedrifter

Juryen i årets beste ungdomsbedrift

Juryen i Årets beste ungdomsbedrift

21. mars arrangerte Ungt Entreprenørskap Vestland eit vellukka fylkesmesterskap for ungdomsbedrifter 2023 på Førdehuset. Vår rådgjevar Ida Ramsfjell var til stades som jurymedlem, og fekk spent følgje Berekraftig Moro UB som ho er mentor for frå salen.

Ungt Entreprenørskap er en ideell, landsomfattende organisasjon som sammen med utdanningssystemet, næringslivet og andre aktører jobber for å utvikle barn og unges kreativitet, skaperglede og tro på seg selv (Om oss | Ungt Entreprenørskap (ue.no))

På arrangementet hadde alle kvalifiserte ungdomsbedrifter ein eigen stand, vi fekk høyre ein pitch frå dei som var nominert til beste ungdomsbedrift og til slutt var det premieutdeling for dei heldige vinnarane. Mellom dei nominerte til beste ungdomsbedrift var tre grupper frå Sogn; Berekraftig UB (Sogndal VGS), Straumdraumen UB og Styreskap UB (Årdal VGS).

Det blei eit prisdryss til jentene frå Berekraftig Moro, då dei vann seks av seks kategoriar dei var nominerte i. Prisane dei vann var: beste ungdomsbedrift, berekraftsprisen, størst verdiskapingspotensial, beste yrkesfaglege bedrift, innovasjonsprisen og beste samarbeid med næringslivet. Den siste og gjæveste prisen «beste ungdomsbedrift» gav ungdommane ein gullbillett til NM i Lillestrøm i april. Sogn Næring har tidlegare skrive ei sak om Berekraftig Moro. Ta kontakt med Ida du ønskjer å høyre meir om produktet til jentene.

Berekraftig Moro med alle dei tildelte prisene.

Sogn merka seg verkeleg i «Berekraftprisen», der Berekraftig moro tok fyrsteplassen og Straumdraumen kom på andreplass.

Ida og resten av gjengen i Sogn Næring tykkje det er utrulig kjekt å sjå og snakke med så mange flinke, kreative og engasjerte ungdommar, og ønskjer jentene i Berekraftig Moro masse lukke til i NM.

Straumdraumen UB

Styreskap UB

Styreskap UB

Forrige
Forrige

Sogndal Næringslivforum: Studentar med driv

Neste
Neste

Sirkulærdagene ved Høgskulen på Vestlandet