Skal bruke sommaren på å utvikle flytande rekreasjonsanlegg

 

Johanne og Vetle har skipa selskapet Flyt Sogn AS, dei har kontorplass på Fus, grûnderfellesskapet på Campus, og dei har fått grûnderrettleing hjå oss i Sogn Næring - Visjonen deira er no klar; er eit flytande rekreasjonsanlegg på fjorden. Eit tilbod for både lokale og turistar.

Vi har teke ein prat med dei unge grûndarane, om motivasjon, bakgrunn og planen vidare.

Kven er de?

-Vi er Vetle Sulen Skogseth og Johanne Hovland -  frå Bergen, men bur og studerar i Sogndal. Johanne er 25 år og studerar siste året på landskapsplanlegging med landskapsarkitektur. Vetle er 22 år og går andre året på lærarutdanninga, i tillegg er han leiar for studentorganisasjonen Lurkalaget.

Kva held de på med?

-Ved sidan av studier har vi jobba mykje med eit nytt og spennande prosjekt som skal ta form i Sogndal. Prosjektet heiter Flyt Sogn og går ut på å skape eit flytande rekreasjonsanlegg - ope for lokale og turistar. Her skal det både vere sauna, fjordbasseng, uteareal som skapar rom for aktivitetar, som yoga og vannsportkurs. Det vert ein slags kombinasjon av flytande sauna og havnebad, i ein skala som er eigna for Sogndal. Vi vil ha natur og estetikk er i fokus, og vi arbeida med arkitektar som skal utforme designet.

Korleis kom de på ideen om eit flytande rekreasjonsanlegg?

-Ideen kom naturleg, vi kjende på eit behov for fleire lågterskeltilbud i Sogndalsområdet. Mykje av den eksisterande aktiviteten er friluftslivrelatert, og det har ikkje alle utstyr eller kompetanse til. Flyt Sogn er ein sosialt møtestad på tvers av alder, kjønn, identitet og bakgrunn. Her kan ein kome som ein er. Nærområdet med spennande og aktivitetsskapende uteområder bidreg til å få folk ut, heile året, dette er noko vi ynskjer å legge til rette for når vi utviklar konseptet.

Kva er det som har motivert dykk til å satse på ideen og starte eit selskap?

-Motivasjonen er nettopp å skape noko nytt og attraktivt i området - som bidreg til sterke inntrykk og opplevingar for gjestene. Lidenskap for natur og estetikk i kombinasjon, kombinert med eit område som gir rom for rekreasjon og aktivitet, er noko vi har et stort engasjement for. Vi har fått mange positive tilbakemeldingar, og vi synest Sogndal må få eit tilbod som rammer inn det vakre fjord- og fjellandskapet.

Kva er neste steg?

-Neste steg er prosjektering. I samarbeid med arkitektkontoret Stiv Kuling skal vi utarbeide skisser og konkretisere designet for konstruksjonen. Dette blir en svært spenneade prosess, som vi ser veldig fram til. 

Vi ynskjer Johanne og Vetle lukke til, og gler oss til å teste konseptet så snart det er flytande!

 

 

Har du ein grûnder i magen, eller ynskjer å drøfte ideen din med nokon, ta kontakt, vi hjelper deg gjerne i gang!

aktueltLine Bjelde