Midlar til å restarte heilårsreiseliv
Torsdag løyvde Hovudutval for næring i Vestland Fylkeskommune samrøystes 800 000 kr til Sogn Næring sitt prosjekt “Restarte regionalt samarbeid for realistisk heilårsturisme”
Prosjektet skal restarte og forsterke samarbeid og utvikling i kriseråka reiselivsbygder i Sogn for å auke verdiskaping og lønsemd gjennom lengre sesong, og særleg ved å utvikle fleire heilårs arbeidsplassar i reiselivet og der gjennom meir levedyktige lokalsamfunn og bygder der det i dag er eit einsidig og sesongbasert næringsliv.
Prosjektleiar er May Lene Steinheim Lunden. Ho har utvikla prosjektet saman med Ivar Petter Grøtte og Bård Huseby i Vestlandsforsking:
-Bygdene Fjærland og Balestrand i Sogndal kommune og bygdene i Aurland kommune er døme på samfunn som er avhengige av reiselivsaktivitet og soleis er hardt råka av Covid19. I tillegg ønskjer vi å jobbe med verksemder i resten av Sogndal og i Vik for å byggje vidare på dei lovande satsingane frå tida før korona, fortel May Lene.
Hovudmålet for prosjektet er formulert slik:
Prosjektet skal restarte og forsterke samarbeid og utvikling i kriseråka reiselivsbygder i Sogn for å auke verdiskaping og lønsemd gjennom lengre sesong, særleg ved å utvikle fleire heilårs arbeidsplassar i reiselivet og der gjennom meir levedyktige lokalsamfunn og bygder.
-Vi ønskjer og å dele erfaringane vi får i prosjektet med andre delar av Sogn og Vestland, seier prosjektleiaren. -Det har vi gode tradisjonar for i reiselivet, og vegen ut av situasjonen vi har i dag er samarbeid.
Sogndal kommune og Aurland kommune er og invitert til å bidra til å finansiere prosjektet. Sogn Næring er prosjekteigar og i tillegg til Vestlandsforsking er lokale reiselivsverksemder og Visit Sognefjord med som partnarar i prosjektet. Du finn prosjektsøknaden her.