Sogn står samla for å dempe verknadane av koronakrisa i næringslivet

PRESSEMELDING FRÅ NÆRINGSNETTVERKET I SOGN

I Sogn er det eit tett samarbeid mellom kommunane og det blir jobba i lag for å dempe verknadane av koronakrisa i næringslivet. Næringsnettverket, beståande av næringsmedarbeidarane i regionen, har no fullt fokus på å bistå verksemder som ynskjer hjelp, råd eller ynskjer å kome med innspel til tiltak som kan lette situasjonen for verksemdene.  

- Næringsnettverket vil understreke at vi ynskjer å ha så god kontakt med næringslivet som råd, både gjennom nettsider, e-post, videomøte og telefon, seier dagleg leiar i Sogn Næring, og leiar i næringsnettverket i Sogn, Torgeir Skålid.

Viktig å nytte seg av hjelpa som finst

Mange verksemder har måtte stenge, anten grunna manglande etterspurnad etter tenestene og produkta dei leverer, eller grunna smittefare. Regjeringa har i dag den 27. mars varsla nye tiltak med stønad til verksemder som brått har mista inntektene sine. Detaljane i desse ordningane vil no raskt bli utarbeidde og vil vere aktuelle for mange verksemder i Sogn.

- Verksemder som har likvide problem må raskt ta kontakt med sitt banksamband for å finne løysingar. Samtidig kjem regjering og Storting fortløpande med tiltak retta mot næringslivet, og vi vil oppmode alle om å nytte seg av desse ordningane når dei kjem på plass, seier Skålid.

Koronakrisa gir òg nye mogelegheiter

Det er viktig å prøve å gjere det beste utav den situasjonen ein no er i. BIO-ordninga (tilskot til bedriftsintern opplæring) gir mogelegheit til å drive med opplæring av tilsette i staden for å permittere. Næringsnettverket arbeider for at dette vert ein ordning utan krav til eigenandeler. Dei understrekar at å bruke tida no framover på innovasjon og kompetanseheving kan vere det smartaste tiltaket ein kan gjere for avgrense skadane av krisa. Innovasjon Norge har òg justert sine tilbod for å møte endra behov i næringslivet som følgje av epidemien.

Mange verksemder er no innovative, og tilbyr tenestene sine på nye måtar.

- Vi vil oppmode folk om å framleis handle lokalt. Mange verksemder tilbyr no heimlevering av varer. Det er òg framleis mogleg å til dømes kjøpe tenester av handverkarar, dei tek nødvendige forholdsreglar for å unngå smitte, seier Skålid.

Jobbar aktivt inn mot fylkeskommunen

Reiselivsnæringa er særleg sterkt råka, alle kundar er borte. Det er i denne situasjonen viktig at Visit Sognefjord har økonomi til å arbeide mot ein marknad som skal komme attende etter at krisa er over. 

- Det blir arbeidd opp mot Vestland fylkeskommune for at dei skal gje ekstra tilskot til reisemålsselskapa. Det blir òg arbeidd for at fylkeskommunen raskt skal kome med midlar som kan nyttast direkte inn mot næringslivet sitt behov for å drive med utviklingsarbeid og kompetanseheving som kan bidra til at ein kjem styrka ut av krisa, seier Skålid. 

 Det er naudsynt med eit levande næringsliv i Sogn også etter krisa. Næringsmedarbeidarane i regionen står samla for å dempe verknadane av koronakrisa i næringslivet.