Sogn U40 – nettverket for unge og ambisiøse

 

Sogn U40 – nettverket for unge og ambisiøse

Sogn U40 er eit tverrfagleg nettverk av ambisiøse, unge og profesjonelle som vil vera med å bygga framtida i regionen. Sogn U40 skal bidra til og leggja til rette for utvikling av unge leiarar og andre unge ambisiøse og profesjonelle i og rundt kommunane Sogndal, Luster, Lærdal, Årdal, Aurland, Vik og Høyanger. Nettverket rettar seg mot både privat og offentlege verksemder.

Med eit høgt aktivitetsnivå og godt fagleg innhald skal Sogn U40 auka kunnskapen og kompetansen til dei under 40 år i næringslivet. Sogn U40 skal på faste møteplassar skapa tverrfagleg idémyldring og inspirasjon, samstundes auka relasjonsbygginga mellom «ung og fersk» og «erfaren» i næringslivet. Medlemane i Sogn U40 skal ha ein mentalitet bygd på å snakka fram kvarandre for å sikra kontinuerleg tilførsel av nye leiarar og andre kapasitetar til det lokale næringslivet.

Som medlem i Sogn U40 får du:

  • Faglege og sosiale arrangement gjennom kalenderåret

  • Rabatt på kurs- og læringsarenaer som Sogn U40 samarbeidar med

  • Byggja nye relasjonar og auka nettverket ditt

I tillegg jobbar Sogn U40, i lag med samarbeidspartnarar, for å etablera ei mentor-ordning for leiarar og hospitant.-plassar i lokale styrer.

Medlemskap i Sogn U40 føreset at du er under 40 år. Du kan delta ut det kalenderåret du fyller 40 år.

Ressursgruppa for Sogn U40 består av Erlend Fardal Lunde (leiar) dagleg leiar på ViteMeir, Line Bjelde forretningsutviklar i Sogn Næring, Brage Bøyum finansrådgjevar i Sparebanken Vest, Andrea Lomheim finance manager i Avery Dennison NTP, Jon Arve Hatlevoll assisterande leiar i Økonomiservice, Sigrid Alice Hovland finansieringsrådgjevar i Innovasjon Norge, Ola Weel Skram redaktør for Porten.no og Ragnhild Skahjem Tofastrud leiar marknad og kommunikasjon i Sogn Sparebank. Hovudsamarbeidspartnar er Agenda Vestlandet.

 Medlemsskapet kostar 750 kr i året og varar eit kalenderår (01.01-31.12). Innmelding i 2021 vil uansett gjelde ut 31.12.2022. Oppseiing må skje skriftleg innan 31.12 inneverande år.

Meld deg inn ved å fylle ut skjema til høgre!

aktueltGuest User