Velkommen til oss, Even!
Den brennande engasjerte glopparen Even Eide er den nye forretningsutviklaren vår.
Even kjem frå stilling som produktutviklar i Enivest, ei stilling han gjekk inn i etter å ha vore trainee i same selskap gjennom ordninga til Framtidsfylket.
-Ei flott tilskot til staben vår, seier dagleg leiar Torgeir Skålid. -Vi var på jakt etter nokon som kan komplettere teamet vårt, og det fann vi i Even. Han kjem inn med fagleg tyngde, erfaring frå produkt- og forretningsutvikling og med stort engasjement.
-Denne stillinga traff meg skikkeleg når eg kom over den på LinkedIn, fortel Even Eide. -Eg gler meg stort til å bidra til den positive utviklinga i Sogn, og til å bli ein del av et spennande miljø i Sogn Næring.
Even Eide er 27 år og statsvitar, men har og historie i fagkrinsen sin. Under studiane var han engasjert i ei rekke organisasjonar, mellom anna i FN-studentane, der høgdepunktet var å arrangere UN Theme Week 2020 - som samla næringslivet, akademia og studentane til ei fullspekka veke med temadagar sikta inn mot berekraftsmåla.
Studiane tok og Even til Kina der han fekk bu i eit år, først som student i 6 mnd, deretter ein månad som frivilligheitsarbeidar og til slutt som studentpraktikant ved Det norske generalkonsulatet i Guangzhou. Med seg frå Kina fekk Even med seg språket, og han held framleis mandarin ved like.