Arrangementa våre - kva ønskjer du?
Etter påske intensiverer Stian Hofslundsengen arbeidet med arrangementa våre. Han vil gjerne ha innspel frå deg!
I haust held vi fram med lunsjmøte i Vik, Balestrand, Leikanger, Kaupanger, Lærdal og Sogndal. “Lunsj med påfyll” er lågterskel samlingar der verksemder og eldsjeler får fortelje om kva dei held på med eller kva dei draumar om. Frukostmøta våre er litt meir omfattande, men med ein tematisk raud tråd.
Me er no ute etter innspel til korleis desse arrangementa kan treffe endå betre. Kjekt om du nyttar to minutt på spørsmåla under.